Periode 2

Periode 2

Det er vår i lufta og vi gler oss over naturen som vaknar til liv rundt oss. Periode 2 er så smått i gang og tema ut detta barnehageåret er eventyr og vår. Som i periode 1 er målet for perioden at kvart enkelt barn skal få oppleve utvikling og mestring gjennom pedagogisk idrett, og med det meiner vi at vi skal nytte element frå idretten inn mot tema vi har valt for å legge grunnlag for bevegelsesglede og matglede både inne og ute. No legg vi bort vinter og snø, og held fokus på meir vårlege aktivitetar. 

Vi skal gå på turar – kanskje kjem vi oss eeeenda litt lenger bort frå barnehagen no enn i vinter? Vi skal sjå etter insekt og plantar – kjem meitemarken og kvitveisen snart fram tro? Det blir kanskje snart varmt nok til å ta fram vannspreiar og plaskebasseng i utetida og? Uansett blir dagane lengre og lysare, og vi kan nyte meir og meir tid utandørs.

 

Også denne våren skjer det mykje spennande i barnehagen. I april skal vi feire Årstidsbursdag. I mai blir det mellom anna Verdas aktivitetsdag, markering av 17. mai for barna, dugnad og Maximusovernatting. Og i juni er det Sommarfest og Sommarleikar. Vi gler oss, og håpar sjølvsagt på mykje sol og varme dagar.